FJELLREIN
Velkomen til nettbutikken vår
Paraplyart
Reinen har gjennom tidene har vore så viktig for menneska at han i seg sjølv fredar og beskyttar jorda han går på. Sidan han treng store areal for å overleve, vil òg mange andre artar få sikra sine livsområde ved at me tek vare på villreinen. Me seier difor at villreinen er ein paraplyart. Fleire av villreinområda er også verna for å ta vare på til reinen. I dag finn me villrein i fjella frå Forelhogna, Rondane og Dovre i nord og sør til Setesdalsheiane.
Der reinen går er jorda freda.
Reinen, den viktigaste kulturberaren

Paraplyart

Reinen, den viktigaste kulturberaren
Me skal i saman fly over åskammen...
Det er mange plassar i Setesdal der det er segner, soger og forteljingar knytte til staden...
UTSTILLINGAR
"Eit vinduga til identitet" - Hovden i Setesdal - vinter 2019
Ny utstilling:
Hovden i Setesdal - høsten 2020
Skattane våre
Fjellreinskulen skal vera med på å leite fram skattane me har rundt oss. I naturen, i kulturen, skattar frå fortid og skattar for framtid. Og forteljingane som fyljger med og gjer historien levande.
Hisorien fortel også om å nytte ressursane, utan å forbruke dei, om å lage seg berekraftige samfunn som gjev livsglede, stolthet og respekt, for naturen og det ein har rundt seg. Og det er vel noko me bør ta med oss i dag og i framtida.
Under utvikling! SMYKKER
Fjellrein smykkekolleksjon basert på materiale av reinsdyrhorn ispedd kjensla av høgfjell og langstrakte vidder.
Under utvikling! SKINN
Fjellrein skinn kolleksjon basert på materiale av reinsdyrskinn ispedd kjensla av høgfjell og langstrakte vidder.