Fjellreinskulen

Fjellreinskulen er å formidle kunnskap og opplevingar om lokal natur, kultur og historie, og på den måten vera med på å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, styrke den lokale forankringa og vise stadeigenheit, «the sense of place».

 

Me ynskjer å bruke kunst og forteljing som kommunikasjon, slik at deltakarane får si eiga oppleving av innhaldet med å sjå og høyre. Me ynskjer t.d. å halde opplegg om reinen i Fjellgardane og Setesdalsheiane, med fagleg informasjon og aktivitetar, med illustrasjonar som bakgrunn, og med lokale historiar som kan konkretisere det faglege. Ein kan også nytte kunst som ein aktivitet til det faglege, t.d. avslutte med eit målekurs. Opplegga må tilretteleggjast til kvar enkelt gruppe, etter alder og samansetjing.

 

Gjennom ein web-basert portal og nettside kan ein hente informasjon, verte lekkja vidare til andre faglege sider, skrive ut hefter, bestille tilleggsprodukt m.m.

 

På sikt ynskjer me også at me kan ha ein «database» som borna kan vera med å lage sjølve. Det kan vera observasjonar; t.d. snomåling, fugleteljing, artstmangfald, teljing av sjeldne planter i eit område osv. Målet er då å byggje opp ei base med informasjon over lenger tid, slik at ein kan fyljge med på eit område lokalt. Heilt konkret kan det t.d. vera å gjera ruteanalyse på slåttemyra på Vidmyr og telje den raudlista planta brudespore. Informasjonen som då vert samla kan vidare nyttast i oppgåver i statistikk, matematikk, naturfag osv. Dersom det vert etablert Fjellreinskulen i andre område, kan ein også samanlikne og skape ein kontakt på fleire plan for born i skulane. Målet er å sjå samanhengar over lenger tid.

 

Aktuelle tema me ynskjer å ta opp i Fjellreinskulen er