Me samarbeidar med

 

Norsk Villreinsenter Sør, Skinnabu

Verneområde for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR)

Miljødirektoratet

 

Tilskot:

Våren 2019 fekk Fjellreinskulen utbetaling av tilskot fra Miljødirektoratet.

Beskriving av tiltaket:

"Fjellreinskulen er eit formidlingsprosjekt mellom kunstnaren Tove Hertzberg (www.galleritove.no) og Ragnhild Bjåen på Bjåen Fjellstove og Fjellgard (www.bjaen.no).

Fjellreinskulen skal utvikle informasjons- og undervisnings materiell og pedagogiske opplegg og unvervisningsverktøy retta mot skule, innbyggjarar og besøkande i Setesdal. Målet til Fjellreinskulen er å formidle kunnskap og opplevingar om lokal natur kultur og historie, og på den måten vera med på å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, stryke den lokale forankringa og vise stadeigenheit, "the sense of place"."

Målet til prosjektet er å formidle kunnskap om viktige naturområder og naturverdiar til blant anna skuleelevar, lokalsamfunn, besøkande og turistar. Dette er eit prosjekt som kan bidra til en langsiktig positiv effekt på natur og lokalsamfunn og er derfor innanfor målsetjinga for ordninga.