Presse og referanser

Setesdølen 24.09.20

 

Verneområdestyret for SVR sitt verdiskapingsprogram «Kunnskapsformidling og villrein og villreinfjellet» arrangerte 18. juni 2019 eit formidlingskurs for reiselivsbedrifter i regionen på Bjåen Fjellstove. Tema for kurset var korleis reiselivet kunne bruke villreinrelaterte kulturminne og tradisjonsstoff i produktutvikling og verdiskaping.

Kurset hadde 14 deltakarar frå reiselivsbedrifter i regionen og kurset vart svært godt mottatt av dei som deltok.

Fjellreinskulen ved Tove Herzberg og Ragnhild Bjåen hadde to vesentlege bidrag på kurset. Dei stod for det praktiske rundt kurset og var eit godt vertskap for deltakarane. Fjellreinskulen stod og for eit av tre faglege hovudtema på kurset. Dette var eit to timars teoretisk og praktisk undervisningsopplegg med temaet: «Formidling av opplevingar villrein, natur og kultur.»

Verneområdestyret for SVR er svært glad for det gode samarbeidet med Fjellreinskulen på dette kurset, og var svært nøgd med innhald og fagleg kvalitet på det fagleg bidraget på kurset.

Verneområdestyret samarbeider gjerne med Fjellreinskulen på kommande arrangement.

Med vennleg helsing

Alf Odden

Verneområdeforvaltar SVR

- Bykle kommune og Facebook innlegg 7. mai 2019 - her
- NRK Sørlandet - Distriktsprogram 16. april 2019 - her
- NRK Sørlandet - Distriktsprogram  28. august 2018 - her
.